Skole
Skulestrukturdebatten må vera grundig og faktabasert.
Like sikkert som at det er kommuneval kvart fjerde år er at det blir nytt liv skulestrukturdebatten i Sauda. I dei siste åra har debatten og kome opp i samband med budsjettet. I økonomisk tronge tider er dette naturleg. Men er det i desse korte hektiske valkampvekene debatten skal stå? Er dette tida for å koma med konklusjon i eit så viktig tema?
Arbeiderpartiet ynskjer velkomen ein debatt om saudaskulen. I programmet står det blant anna at vi vil arbeida for ;
«En fremtidsrettet skole der en prøver ut nye arbeidsmåter og strukturer for å få best mulig kvalitet for elevene ut fra tilgjengelige ressurser».
Dette betyr at Arbeiderpartiet er opne for nye tankar og er ikkje redde for endringar. Utvikling av kvalitet og tilpassing til nåsituasjonen og til framtida er viktigare enn bevaring og for/mot prinsipp om desentralisert struktur. Men me trur at ein finn dei beste svara om ein har ein open prosess, bruker tid og arbeider i fellesskap med skulefagfolk, talknusar, tillitsvalde og foreldrerepresentantar. Difor meiner Sauda Arbeidarparti det er feil å trekka konklusjonar før eit slikt arbeid har funne stad. Debatten må baserast på korrekt informasjon og ikkje baserast på synsing. Når ein har fått fakta på bordet og utgreidd ulike løysingsmodellar er det sjølvsagt politikarane si oppgåve både å ta debatten og trekka konklusjonar.
Men skuledebatten handlar om mykje meir enn økonomi. Alle vil vera einige om at me ynskjer at skulen skal ha høg kvalitet. Dette må gjelda for alle elevar, anten dei bur på Herheim, i Åbøbyen eller i Saudasjøen. Anten dei er skuleflinke eller slit med faglege, helsemessige eller sosiale utfordringar. Arbeiderpartiet vil ha auka fokus på målretta og tidleg innsats slik at flest mogleg opplever meistring både fagleg og sosialt. Det betyr at dei ungane som viser teikn til mistilpassing må identifiserast tidlegare og det må setjast inn tiltak tidleg nok for å hjelpa dei mot betre meistring. Det skal ikkje alltid så mykje til. Ei omfattande utgreiing er ikkje alltid svaret, men kompetente blikk som både ser og forstår ungen er avgjerande. Denne type kompetanse hos lærarane må utviklast parallelt med fagkompetanse i kjernefaga.
Når det er tid for å løfta saka om skulestruktur skal sjølvsagt Sauda Ap setta seg grundig inn i saka, tenka både kortsiktig og langsiktig og ta debatten. Dette handlar om framtida. Konklusjonen ein landar på bør kunna stå seg over tid. Å trekka fram strukturdebatten ved kvart kommunebudsjett er ikkje god politikk. I desse dagar vil me ynskja både lærarar og elevar lukke til med implementering av nye digitale verktøy i undervisninga.
Hallgeir Amdal og Aud Jorunn Nymark
Ordførarkandidat og listekandidat for Sauda Arbeidarparti