Eldreomsorg

Sauda Arbeiderparti om eldreomsorg

I Sauda kommune blir det gitt gode tenester til innbyggarane, også til dei eldre. Men slik den demografiske utviklinga har blitt med stadig fleire eldre, vil me måtta rusta hjelpeapparatet til å gi tenester til fleire. Eit godt førebyggjande arbeid, slik at eldre kan leve gode liv lengst mogleg vil vera viktig. Arbeiderpartiet ønskjer også i framhaldet at me skal jobbe for at folk skal få bu heime så lenge dei ønskjer med tilpassa hjelp frå det offentlege, enten det dreier seg om gode tenester, hjelpemiddel eller velferdsteknologi. Me ser likevel at det er behov for å etablere fleire institusjonsplassar. Det blir kork i systemet når korttids- og avlastningsplassar blir fylt opp av dei som står på venteliste for fast plass. Sauda AP vil utvikle tilbodet til eldre i takt med behovet. I framtida vil det vera fleire demente. Tilbodet til denne gruppa må derfor styrkast og vidareutviklast med mellom anna meir fleksible og varierte aktivitetstilbod til heimebuande.

Arbeiderpartiet ser at det vil trengast fleire hender i eldreomsorga for å møte det aukande talet pleietrengande. Auka grunnbemanning i helse og omsorgssektoren er eit verkemiddel som me har diskutert og vil jobbe vidare med. Arbeiderpartiet trur på at det er offentleg tilsette, faglært personale i størst mogleg stillingsheimlar som vil kunne yte dei beste tenestene.

 Me trur at det er viktig å ha samarbeid med både fagfolk, brukarar og pårørande, både for å hauste kunnskap og for å ha god dialog. Me har derfor invitert både fagpersonell frå demensteamet og pårørandeforeininga til medlemsmøte i år for å høyre korleis verda ser ut frå deira ståstad.

Eldrerådet må og i framtida ha ei viktig rolle. Me tenkjer å bidra til myndiggjering av eldrerådet, slik at desse blir aktive bidragsytarar i samfunnsutviklinga. Pensjonistar gjer sjølv ein god innsats med frivillig arbeid i lag og organisasjonar. Mellom andre er Sauda Pensjonistforening ein viktig sosial arena for folk med sine møte og aktivitetar, me vi vil takke pensjonistane for det. Slik frivillig innsats og eigeninnnsats er viktig og nødvendig og er svært verdifull for samfunnet.

Sauda Arbeiderparti har eldreomsorg som eit av dei prioriterte satsingsområda i valperioden og ønskjer å vere aktiv pådrivar i utviklingsarbeidet. Sauda har eit godt utgangspunkt, då me har ein høg andel fagutdanna personale. Dette er ei dyr ordning, men ein garanti for høg kvalitet på tenesta. Me tenker at folk som har skikkelege arbeidstilhøve og lønn til å leva av, leverer dei beste tenestene. Med å stemme på Arbeiderpartiet vel du ei omsorgsteneste med offentleg tilsette. Arbeiderpartiet vil lytte til behovet frå fagfolka, frå brukarar og pårørande og vidareutvikle tenestene i eit samarbeid. Dersom det ei slik eldreomsorg du vil ha, så skal du stemme Arbeiderpartiet.

Me ønskjer deg eit godt val.

Hallgeir Amdal, ordførarkandidat for AP